Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Annbjørg Lien & Catriona Macdonald med vener

28. oktober 2022 kl 18:30

Annbjørg og Catriona har vore vener og musikalske sjelesystrer heilt sidan barndomen. Dei møttest då shetlandske Catriona kom til Ålesund saman med The Young Heritage og Tom Anderson. Det vart starten på ein venskap og eit nært samarbeid, både på og utanfor scena. Eit samarbeid som i 1998 resulterte i String Sisters, som samla dei leiande kvinnelege felespelarane i verda. Konserten i Voss idrettshall fredag kveld syner oss dei nære kulturelle og musikalske banda mellom Shetland og Noreg, både gjennom tradisjonsmusikk og nyskrive materiale.

Med:
Annbjørg Lien, Norge – hardingfele, nykkelharpe
Catriona MacDonald, Shetland – fele
Roger Tallroth,  Sverige – gitar
James Mackintosh, Scotland – trommer / perc
Inge Thomson, Shetland – trekkspill

Billettar i sal på TicketCo:
Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag

Foto: Knut Utler

Detaljar:

Dato
28. oktober 2022
Tid:
18:30

Lokale

Voss idrettshall