Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Synneva Gjelland syng Halldis Moren Vesaas

29. oktober 2022 kl 11:30

Halldis Moren Vesaas har bana veg og vore ein pioner på mange arenaer, og står att som ein av dei verkeleg store heltane i norsk litteraturhistorie. Som dotter av forfattaren Sven Moren, voks ho opp i Trysil – i eit frilynt og vidsynt folkehøgskulemiljø. Kjærleiken til naturen og menneska går igjen i lyrikken, og nynorskdiktaren Moren Vesaas er ein av våre mest folkekjære lyrikarar. Dette er ei dame som har gjort verda vidare. Difor er det med ei djup respekt for materialet at Synneva Gjelland har sett seg ut å finne dikta sin eigen tone. Både kjende og ukjende tekstar har fått ny drakt, og felles for dei er nettopp det Halldis gjorde så godt: å omforme den høgstemte nynorsklyrikken til å passe det kvardagslege, og soleis skrive enkle og forteljande dikt med ei kraft som kan treffe ein rett i magen.

Synneva Gjelland – vokal, piano, gitar
Sam Baxter – fiolin
Johanna Seim – hardingfele
Pål Jørgen
Volan – bass

Billettar i sal på TicketCo:
Festivalpass, dagskort laurdag eller enkeltbillett

 

Detaljar:

Dato
29. oktober 2022
Tid:
11:30

Lokale

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart