Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Erlend Viken trio

29. oktober kl 17:30

Når Erlend Viken Trio dreg i gang i foajeen på Gamlekinoen laurdag ettermiddag kan dansefoten lett få køyrt seg. For etter fire år i dvale, er trioen meir enn klare for årets Osafestival! Med seg har dei eit rykande ferskt album og eit solid knippe tradlåtar, og med hardingfele, el-gitar og kontrabass vert det ei herleg blanding av norsk tradisjonsmusikk, improvisasjon, ørkenblues og rock.  Trioen har turnert det meste av Europa, og energien deira har skaffa dei ihuga tilhengjarar på tvers av lande-, alders- og sjangergrenser.  

¨Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues¨.
Adresseavisen

Erlend Viken – oktavfele, hardingfele
Marius Graff –
el-gitar
Sondre Meisfjord – kontrabass

Foto: Sigurd Ytre-Arne

Detaljar:

Dato
29. oktober
Tid:
17:30

Lokale

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart