Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Tingingsverket 2022: Systerspel – om spelet som var og spelet som vart borte

29. oktober 2022 kl 14:30

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og  tale? Dei var her, og så vart dei borte?  Systerspel, er ei ny bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner. Om kvinner som spela fele, frå 1700-talet til i dag. Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon, og fortel om dei gjennom fakta og med-dikting i årets tingingsverk. Dei er fleire enn du trudde.

Tingingsverket
 2022 er basert på boka Systerspel, eit nybrotsarbeid som er ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om lagnaden til spelekvinna i Noreg frå 1700 -talet og til i dag. Verket fortel om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Førestillinga tek også opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny.

Medverkande scenisk:
Benedicte Maurseth – hardingfele, manusutvikling, lesing, og komposisjon

Produksjon

Hildegun Riise – regi, manusutvikling
Birk Nygaard – scenografi og visuelt design
Kieran Kolle –  filmatisk innhald
Mari Kanstad Johnsen – illustrasjon
Rune Døli – grafisk design
Jørgen Træen  – lydkollasj

Tingingsverket er ein samproduksjon med Riksscenen, og er støtta økonomisk av: Norsk kulturråd, Vestland Fylkeskommune, Bergen kommune og Fritt ord

Hugs: Opning av vandreutstillinga «Systerspel» laurdag kl 11.30 og forfattarmøte – Olaug Nilssen og Benedicte Maurseth sundag kl. 13.30 i Voss Sparebank (gratis inngang)

Foto:
Elen Feragen (1901–1990) også kalla Bakka-Elen. Fotokjelde Folkemusikkarkivet i Rørosdistrikte
Illustrasjon: Mari Kanstad Johnsen
Grafisk Design: Modest

Detaljar:

Dato
29. oktober 2022
Tid:
14:30

Lokale

Nain
Gymnasvegen 4
Voss, Norway
+ Google-kart