Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Familietingingsverket 2022: Hest i huset

29. oktober 2022 kl 16:00

For dei fleste av oss høyrer hesten naturleg heime i stallen, men i Gustav Lorentzen sitt univers deler hesten like naturleg rom med oss som går på to. Tubaisten og komponisten Elisabeth Vannebo har skrive rykande fersk musikk til nokre av Gustav Lorentzen – den eine halvparten av Knutsen & Ludvigsen – sine fantastiske tekstar. Tøysete og morosame, nokre snille og nokre ville, med innhald og sprø poeng som går rett inn i kvardagen og lagar humor og humør av kvardagslege gjeremål og hendingar. Lorentzen let diktarhesten Pegasus flyga gjennom huset, frå rom til rom, svevande over fotoalbum og potteplantar, dundrande gjennom fløytemugger og musefeller. På vegen veltar Pegasus gamle bilete og oppdagar overraskingar. 

Tekstane er henta frå samlinga Hest i huset frå 1999. Med seg har Vannebo i knallsterkt team:  Christine Sandtorv  som vant spellemannsprisen i kategorien «Barnemusikk» i 2021 og Tone Hulbækmo som vart nominert i same klasse.

Familieframsyninga som høver for born i alle aldrar – i alle fall frå tre til hundre år.

Elisabeth Vannebo – tuba og venstrehandsperkusjon
Christine Sandtorv – vokal og gitar
Tone Hulbækmo – trøorgel og harpe.
Regi – Hilde Sol Erdal

Hest i huset er borna sitt eige tingingsverk på Osafestivalen 2022

Billettar i sal på TicketCo:
Festivalpass, dagskort laurdag eller enkeltbillett.
Høve til å kjøpe plassbillett for dei som har kjøpt festivalpass eller dagskort.

Detaljar:

Dato
29. oktober 2022
Tid:
16:00

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart