Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Håkon Skogstad & Trondheimsolistene: «Visions of Tango» i Gamlekinoen

29. oktober 2022 kl 16:30

I samband med 100-årsjubileet for Astor Piazolla oppstod Håkon Skogstad sitt samarbeid med Trondheimsolistene – og resultatet vart Visions of Tango. Konserten inneheld Skogstad sine arrangement av Piazolla sin musikk, der pianoet står i fokus, og Skogstad sitt originalverk Concerto for Piano and String Orchestra, i fire satsar. Innspelinga av dette verket sikra tidlegare i år Skogstad Spellemannsprisen i kategorien klassisk. Musikken på albumet er ei evig vandring mellom klassisk musikk, samtidsmusikk, jazz, og verdsmusikk. Og albumet er ei vidareføring av Håkon Skogstad sitt arbeid med å redefinera pianoet sin rolle i tangomusikken, eit arbeid som starta med utgevinga av soloalbumet Two Hands to Tango. Eit album som vart spelt inn i New York og som har hausta fleire titals strålande platemeldingar frå heile verda. I fylgje Håkon Skogstad sjølv er musikken hans «riff-basert klassisk musikk i argentinske rytmar».

I tillegg til å framføra musikken frå det kritikarroste albumet, har Skogstad og Trondheimsolistene ei urframføring av nyskriven musikk og andre godbitar på programmet for konserten i idrettshallen laurdag ettermiddag.

Håkon Skogstad
Trondheimsolistene

Konsertvert: Håkon Asheim

MERK: KONSERTEN ER FLYTTA FRÅ VOSS IDRETTSHALL TIL GAMLEKINOEN

Billettar i sal på TicketCo:
Gjeld for denne konserten: festivalpass, dagspass laurdag,  enkeltbillett eller huskort Voss idrettshall laurdag. MERK: Då konserten er flytta frå Voss idrettshall til Gamlekinoen, må dei som har kjøpt huskort Voss idrettshall laurdag kjøpe plassbillett på TicketCo til kr. 15,- for å sikre seg plass til denne konserten.

Foto: Kristoffer Hylland Skogheim

Detaljar:

Dato
29. oktober 2022
Tid:
16:30

Lokale

Gamlekinoen
Skulegata 15
Voss, Norway
+ Google-kart