Musikkdokumentaren «Til Stede»
«Til Stede» er eit visuelt dikt om natur, kreativitet og identitet – skapt for å vekke inspirasjon og debatt. Filmen tek utgangspunkt i temaet folkemusikk og set gamle hardingfeletradisjonar frå Telemark i eit nytt perspektiv, og den stiller overordna spørsmål om korleis vere menneske i dag; behovet for å vere i kontakt med naturen, trongen til å skape noko eige og uttrykke seg sjølv, og ønskje om fellesskap og det å føle seg i live.
Medverkande: Marianna Sangita Angeletaki Røe, Johanna Seim og Ana Julie Verbelen
Filmen varer i 60 minutt
BILLETTAR:
https://vosskulturhus.no/kulturprogram/
Filmen er inkludert i festivalpass, dagspass eller huskort Voss idrettshall ved ledig kapasitet
Filmframsyningane er eit samarbeid med Voss kino