Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

UngOsa helgekurs

28. oktober 2022 - 30. oktober 2022

Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar, trekkspel eller eit anna instrument som t.d. gitar? Om du svarar «ja» (på eit eller fleire av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa!

Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 7. gong! Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland fylke, og me inviterer unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7 til 18 år til å bli med oss denne helga.

UngOsa-deltakarane får delta på konsert og dans under festivalen, og dei skal også ha sin eigen konsert, sundag, som avslutting på helga. Elles vert det sjølvsagt mykje sosialt og moro heile helga igjennom! Hiv dykk med!

NB! UngOsa er veldig populært, og i fjor så nådde me eit makspunkt i høve antal deltakarar. Det er fyrstemann til mølla så ikkje nøl med å melde deg på!

Førebelse lærararar UngOsa 2022:

Toradar: Inge Gjevre og Jon Amund Karusbakken
Song: Malin Victoria Alander og Kari Finne Sognnæs
Hardingfele: Alexander Aga Røynstrand, Arne M. Sølvberg, Arngunn Timenes Bell og Hallgrim Skjerdal
Dans: Halldis Folkedal og Anna Liv Skjelten Gjendem
Samspel (for utøvarar mellom 12-18 år som har spelt ei stund): Geir Marius Thorud

Påmeldingsfrist 20. september!

Foto: Elisabeth Emmerhoff

Detaljar:

Start:
28. oktober 2022
Slutt:
30. oktober 2022

Lokale

Voss vandrarheim
Peter Bondes veg 40
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart