Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Folkesnurr Spelemannslag – DJ, perkusjon og videokunst + halling møter break møter moderne dans

28. oktober 2022 kl 0:30

Folkesnurr er attende etter at stemninga mildt sagt stod i taket  på dansegolvet då dei debuterte som gruppe under fjorårets festival!

Overlever folkemusikken møtet med den elektroniske røyndomen? Tåler dansespel og kveding at ein DJ anno 2022 fiksar og triksar, legg på og trekkjer frå – for så å senda nyskapinga ut att gjennom høgtalaranlegget som er kopla til DJ-pulten? Svaret er i fylgje platesnurrar Lars Finborud eit rungande ja! – Litt annleis, men magi like fullt!  DJ Finborud har funne fram til ei salig blanding av munnharpeslåttar, kulokkar og nystev, irske jigs og reels, indisk tabla og afrikanske vitlause rytmeorgiar. I beste Ingrid Espelid-stil har han blanda dette med 70-tals progfolk, Mari Boine-remiksar, samtidsfolkemusikk og ein haug med andre spennande saker. 

Finborud har med seg eit knallsterkt mannskap: perkusjonist og trommeslagar Anders Fretheim, video- og biletkunstnar Bendik Finborud med visuals, og ikkje minst: hallingdansarane Torkjell Lunde Børsheim og Ådne Kolbjørnhus som møter breakdansaren Andreas Roksvåg (frå Absence Crew) og samtidsdansaren Ane Evjen Gjøvåg til ein forykkande danseperformace!

Sjåast på dansegolvet!

Lars Finborud – DJ
Anders Fretheim – trommer
Bendik Finborud – visuals
Andreas Roksvåg – breakdance
Ane Evjen Gjøvåg – moderne dans
Torkjell Lunde Børsheim – hallingdans
Ådne Kolbjørnhus – hallingdans

Billettar i sal på TicketCo
Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag

Detaljar:

Dato
28. oktober 2022
Tid:
0:30

Lokale

Voss idrettshall