Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Dans med Jutullaget

29. oktober 2022 kl 23:00

Ikkje berre er Jutullaget ei av dei aller mest aktive runddansdgruppene i landet, dei er også ei av dei aller mest prisløna gruppene innan tradisjonsmusikken, heilt sidan dei vart noregmeistrar på Titanofestivalen i 1993. Gruppa vart etablert i 1988, og sidan har det hagla med gull, sølv og bronse på Landsfestivalen. Dei er to gonger Storefjellmeistrar og noregsmeistrar i durspelJutullaget har vorte ei merkevare innan norsk tradisjonsmusikk. Gruppa har sitt utgangspunkt i tradisjonsmusikken frå Ottadalen, men dei er også opptekne av å syna korleis yngre spelemenn komponerer og skapar nytt durspelstoff. I september i fjor kom Jutullaget ut med sitt femte album; Kvitbrille, der dei tolkar og framfører tradisjonsstoff etter eldre spelemenn frå Ottadalen.

Jon Amund Karusbakken – torader
Inge Gjevre – torader
Svein Ove Brun – gitar
Bjarne Odde – bass
Geir Marius Thorud – torader

Foto: Ketil Sandviken

Billettar i sal på TicketCo:
Festivalpass, dagspass eller huskort Voss idrettshall laurdag
Billettar til «Mat, musikk og vin» gjeld også for inngang til dansen i Voss idrettshall.

 

 

 

Detaljar:

Dato
29. oktober 2022
Tid:
23:00

Lokale

Voss idrettshall