Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Utstillingsopning Systerspel

29. oktober 2022 kl 12:30

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte? Vandreutstillinga «Systerspel» er basert på ei ny bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner. Om kvinner som spela fele, frå 1700-talet til i dag. Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon. Dei er fleire enn du trudde.

For fyrste gong vert det produsert ei vandreutstilling om spelekvinna kring Noreg og hennar historie. Utstillinga er såleis unik, og gjev publikum høve til å sjå og oppleva mellom anna den eldste hardingfela bruka av ei spelekvinne frå 1784, handskrivne turnébrev, særmerkte felehus henta fram frå privat eige, eldre og ukjende fotografi, lydopptak med meir.

Utstillinga vert opna av festivalsjef Ida Dyrkorn Heierland
Forfriskningar

Opningstoner ved Susanne Lundeng

Utstillinga er støtta økonomisk av Voss Sparebank, Norsk Kulturråd, Vestland fylkeskommune, Voss Herad, Fritt Ord og Norsk senter for folkemusikk og folkedans og er produsert av Osafestivalen, i samarbeid med Benedicte Maurseth, Prestegaard-design og Modest.

Utstillingseigar: Osafestivalen
Utstillingsdesign: Prestegård Design
Innhald: Benedicte Maurseth
Grafisk Design: Modest [Rune Døli]
Illustrasjon: Mari Kanstad Johnsen
Lyddesign: Jørgen Træen
Samhandling konsertførestilling: BN Visuals

Få med deg tingingsverket 2022 «Systerspel – om spelet som var og spelet som vart borte» laurdag kl. 14.30 i NAIN og forfattarmøte – Olaug Nilssen og Benedicte Maurseth sundag kl. 13.30 i Voss Sparebank.

Vil du huse vandreutstillinga i 2023/24? Ta kontakt med oss: post@osafestivalen.no

Foto: Elen Feragen (1901–1990) også kalla Bakka-Elen
Fotokjelde Folkemusikkarkivet i Rørosdistrikte

Detaljar:

Dato
29. oktober 2022
Tid:
12:30

Lokale

Voss Sparebank
Vangsgata 18
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart