Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Susanne Lundeng

29. oktober 2022 kl 19:00

Avisa Nordlys kallar Susanne Lundeng «en levende folketone».  Javisst er ho det, men ho er også eit levande menneskeleg fyrverkeri på scena. Ein konsert med Susanne Lundeng og bandet er ei emosjonell påkjenning i ordets beste og mest positive forstand. Både fordi musikken er så vakker og emosjonell og fordi framføringa treffer deg så midt i hjarta. Og den nordnorske folkemusikken ligg alltid i botn for alt det virtuose, skjøre, tradisjonelle og nyskapande. Sidan 1985 har Susanne Lundeng fått ei lang rekkje prisar. I 2016 fekk ho Spellemannprisen for albumet 111 Nordlandsslåtter. Eit album ho fekk Folkelarmprisen for året før. Og i 2019 fekk ho NOPAs tekstpris for sin fyrste sangtekst: Det va nære på.  I samspelet med musikarane Nils-Olav Johansen og Erik Nylander oppstår eit leikent og ekspressivt kammerspel i ein symbiose av  nordnorsk folkemusikk, improvisasjon og viser. I 2022 er Susanne aktuell med ny musikk frå sitt kommande album som vert utgitt våren 23.

Susanne Lundeng – fele/sang
Nils-Olav Johansen – gitar/vokal
Erik Nylander – trommer

FILMVINING VOSS KINO
Under festivalhelga viser Voss kino ein 17 minutt lang minidokumentar om Susanne Lundeng. Den anerkjende filmskaparen Thor Brenne fulgde Susanne og bandet hennar på turné der dei mellom anna vitjar unike plassar i Nordland som Beiarn og Værøy. Vi vert også med Susanne til øya Fleinvær som har ein heilt spesiell plass i hjartet hennar og som på mange måtar har forma kunstnarskapet hennar.

Billettar i sal på TicketCo:
Festivalpass, dagskort laurdag eller huskort Voss idrettshall laurdag.
MERK: kinobillett er ikkje inkludert og må kjøpast direkte hjå Voss kino.

Foto: Martin Losvik

 

Detaljar:

Dato
29. oktober 2022
Tid:
19:00

Lokale

Voss idrettshall