Lastar Hendingar

Peer Gynt – Ragnhild Hemsing og Trondheimsolistene

Peer Gynt 2 web
sun 30. okt 2022
17:00

”Tvete Viks arrangementer er forbilledlig innsiktsfulle, Hemsing og hennes Trondheim-musikere spiller bedre enn du kunne forestille deg, innspillingslyden er både varm og klar..”
– Martin Anderson, KlassiskMusikk.com

”Grieg som ny igjen….Møtet mellom den klassiske musikkens og folkemusikkens klangverdener skaper uvante, men gripende farger”
– Klassekampen

Ragnhild Hemsing og arrangøren Tormod Tvete Vik har plukka 12 deler av Grieg sin fabelaktige teatermusikk og skapt han på nytt. Hemsing var svært medviten den folkemusikalske bakgrunnen for Grieg sin musikk, og ho ynskte å gjera eit djupdykk i musikken med det som utgangspunkt. Derfor brukar ho både hardingfele og fiolin. Saman med Tvete Vik har ho nyskapt nokre av dei mest kjende delene, og saman med suverene Trondheimsolistene har ho gjort ei innspeling som har hausta unison hylling i inn- og utland.  No kjem både Ragnhild Hemsing og Trondheimsolistene til Osafestivalen med musikken frå «Grieg arr. Tvete Vik, Peer Gynt, op. 23 (utvalg).

Med:
Ragnhild Hemsing, hardingfele og fiolin
Trondheimsolistene under leiing av Geir Inge Lotsberg

Konsertvert: Håkon Asheim

Foto: Nikolaj Lund