
Forfattarmøte «Systerspel» – Olaug Nilssen og Benedicte Maurseth

I møte mellom forfattar Olaug Nilssen og Benedicte Maurseth vil dei samtale om Maurseth si siste bok Systerspel – Om spelet som var og spelet som vart borte, utgjeve av Fagbokforlaget. Dei vil drøfta det mangeårige innsamling- og skrivearbeidet, og koma inn på ulike tema som bondespelekvinna sin posisjon føre hamskiftet, kva føringar vekkingskristendom og «husmorifiseringa» har hatt, om språkbruk, infantilisering og seksualisering, og om å vera spelekvinne i dag, i ein tradisjon lenge dominert av spelemenn.
Velkomen!
Forfattarmøte er eit samarbeid med Voss Sparebank og Fagbokforlaget
Gratis inngang
Utstillinga «Systerspel» er open før og etter forfattarmøtet
Foto: Elen Feragen (1901–1990) også kalla Bakka-Elen. Fotokjelde Folkemusikkarkivet i Rørosdistrikte
Illustrasjon: Mari Kanstad Johnsen
Grafisk Design: Modest