Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Meistertimen: Halling med Hallgrim

29. oktober 2022 kl 13:00

Kva betyr det eigentleg «å gå i lære» hjå nokon? Korleis foregår overlevering av tradisjonar, kunnskap og danseteknikk i praksis? Osafestivalen inviterer til programposten «Meistertimen» med Hallgrim Hansegård og student ved Ole Bull Akademiet Ånund M. Myhren. Her tek me overleveringstradisjonen til scena.

Hallgrim Hansegård vaks opp med kjærleik til hardlingfela og lausdansen, og stordansaren Knut Steinsrud (1921-2010) som stølsnabo og dansementor. Hallgrim har brukt musikken og ein fascinasjon for naturkreftene til å utvikle sin eigen måte å forstå lausdans på. Han ser på lausdansen i seg sjølv som eit kunstuttrykk, men bruker den også til å inspirere skaping av ny dans. 

Med:
Hallgrim Hansegård
Ånund M. Myhren

Mesitertimen er særskilt støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Billettar i sal på TicketCo:
Festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillett

Foto: FRIKAR

 

Detaljar:

Dato
29. oktober 2022
Tid:
13:00

Lokale

Ole Bull Akademiet
Strengjarhaugen 6
Voss, 5704 Norway
+ Google-kart