
Prøv deg! Lynkurs i song med Synnøve Brøndbo Plassen

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis.
Ta med stemma og noko å skriva på og bli med på lynkurs i song med Synnøve Brøndbo Plassen! Synnøve er folkemusikar, songar og pedagog, og går no utøvande master i folkemusikk ved Norges musikkhøgskole. Ho har fordjupa seg mest i tradisjonane frå Folldal, Østerdalen og Trøndelag, og repertoaret hennar spenner seg frå salmer og bånsullar til slåttestev og skillingsviser.
Oppmøte i spisesalen på Ole Bull Akademiet (inngang oppe)
Påmelding
Lynkurset er gratis!
Last ned gratisbillett på TicketCo
Kurset er særskilt støtta av Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Foto: Zosha Warpeha