Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Christoph Sietzen

28. oktober 2022 kl 20:30

Når ein multiperkusjonist som Christoph Sietzen lovar å slå seg laus, kan ein venta seg det meste. Heilt sidan han 12 år gammal debuterte på Salzburg Festival og like godt stakk av med prisen i ARD International Music Competition, har Christoph Sietzen vore ein favoritt hjå kritikarar frå heile verda. Han er fødd i Salzburg, men har luxembourgisk statsborgarskap. Det er ikkje berre den eineståande teknikken som imponererer. 20-åringen Christoph Sietzen har ei kjensle for musikken som gjer at han like godt kan framføra klassiske verk som den råaste samtidsmusikken og rockete versjonar av kjende låtar. Som multiperkusjonist har han sjølvsagt med seg eit heilt arsenal av slaginstrument. Og i hendene på Sietzen er ikkje ein marimba utan vidare ein marimba. Sietzen har gjort fleire innspelingar. Den siste i rekkja er Silence, eit album der han både spelar solo og saman med Clemens Hagen, Bogdan Bacanu og Academy of Ancient Music. Når festivalsjef Ida har bede Christoph Sietzen koma til Voss med noko «rått» som skal setja fyr på idrettshallen fredagskvelden, er det berre å festa sikkerheitsbelta.

Billettar i sal på TicketCo:
Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag

Foto: Stefan Sietzen

Detaljar:

Dato
28. oktober 2022
Tid:
20:30

Lokale

Voss idrettshall