Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Marja Mortensson & Daniel Herskedal med Trondheimsolistenes strykekvartett

30. oktober 2022 kl 12:00

Marja Mortensson hadde eit stort år i 2021. Ikkje berre vart ho kåra til Årets Folkemusiker, ho fekk også sin andre Spellemannspris, i kategorien tradisjonsmusikk, for albumet Raajroe – The Reindeer Caravan. Spellemannsprisen vann ho saman med Kringkastingsorkesteret og tubaisten Daniel Herskedal. Då Mortensson vart kåra til Årets Folkemusikar sa juryen at arbeidet hennar med den samiske musikken frå eige område var i «ein særklasse» og at ho var ein soleklar vinnar». Det er dette arbeidet ho har teke med seg inn i duosamarbeidet med Herskedal. Den eineståande messingblåsaren som har ein spesiell kjærleik til det største av instrumenta. På konserten i Osasalen sundag føremiddag har Marja Mortensson og Daniel Herskedal med seg Trondheimsolistene sin strykekvartett.

Musikken til Mortensson svevar rundt i grensetraktene mellom sørsamisk og umesamisk joik og balanserer trygt og fint mellom tradisjon og klassisk strykekvartett. Musikken har ein bodskap; bodskapen om livet, om at no seier jorda frå, og om at me lever i moderne samfunn og utviklar oss i takt med det.  Men brått vert dei djupe tankane avbrotne av den leikne joiken til hakkespetten og lirypa.

Med:
Marja Mortensson
Daniel Herskedal
Tronsheimsolistenes strykevartett

Foto: Knut Åserud

Detaljar:

Dato
30. oktober 2022
Tid:
12:00

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart