Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Antti Paalanen

28. oktober 2022 kl 22:00

I fylgje rykta, vekslar den finske trekkspelaren Antti Paalanen mellom å sjarmera deg og skremma livet av deg. «Når han brøler ut namnet på den neste songen med si finske death-metalrøyst, medan han set dei drue-bleike augo i deg, anar du ikkje om han vil gje deg ein song som får deg til å frysa fast i stolen eller riva ut det levande hjarta ditt og eta det rått». Vågar du å gå på denne seine fredagskveldkonserten i idrettshallen? Svaret er at du ikkje berre vågar; det er ein konsert du MÅ gå på! Dette er ei ein-gong-i-livet-oppleving du korkje kan eller vil gå glipp av.Antti Paalanen har alltid elska metal-musikk. Som ingen andre, blandar han metal-råskapen med finsk folkemusikk, EDM-rytmar, sibirsk strupesong og innsiktsfull bruk av elektroniske lydar. Resultatet slår deg i golvet. Paalanen er ein glimrande akkordeonist, og han tek både instrumentet og seg sjøv til yttergrensene, der han gryntar, skrik og trampar i golvet – for å få det akkurat slik han vil. Og det får han.

Billettar i sal på TicketCo:
Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag

Foto: Ulla Nikula

Detaljar

Dato
28. oktober 2022
Tid:
22:00

Stad

Voss idrettshall