Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Vástádus eana · The answer is land

30. oktober 2022 kl 19:00

«Kraftfull på et stillferdig og storslagent vis.»
– NRK

«En sjeldent samstemt kombinasjon av musikk, sang, joik og dansekunstens kroppslige språk.»
– Nordlys

«Joikens rikdom møter samtidskunstens kraft.»
– NRK

«Handler om hva et hjem kan være, og svaret ligger i fellesskapets viktighet. Der flokken din er, der er hjemme.»
– NRK

Heime er der hjarta ditt er, heiter det. Men me kan like godt seia: Heime er der flokken din er.Ein kvar festival bør avslutta med ein smell. Ei framsyning som fangar deg på ein slik måte at du veit at her må du koma att. Osafestivalen 2022 avsluttar med ei framsyning som kjem til å sitja i hjarta og sjela di lenge.  Vástádus eana · The answer is land er ei framsyning av den samiske kunstnaren Elle Sofe Sara.

«Eg er oppteken av krafta som oppstår når me står saman. Kor mykje sterkare me er når me er del av ein fellesskap» seier den kunstnarlege leiaren og koreografen. Dei viktige tema i Vástádus eana · The answer is land er fellesskap og slektskap mellom menneske, med naturen og med jorda me alle deler.

Elle Sofe Sara har samla sju kvinner, sju kvinner frå ulik bakgrunn, med sine livsrøynsler, med sine historier, sine kroppar og sine stemmer. Slik går dei inn i verket, slik Elle Sofe ynskjer dei skal. Ho er oppteken av meininga som ligg i kvar rørsle, kvart blikk, i timing, retning, intensitet og i det å vera tilstades i augneblinken. Koreografien til Elle Sofe er inspirert at demonstrasjonar, samisk åndeleg praksis og formasjonsdans. Klima- og miljøkampen er òg ein del av dette.

Den fleirstemte joiken er eit berande element i framsyninga, og den meisterlege komponisten og musikaren Frode Fjellheim har spesialskrive denne joiken for Vástáduseana · The answer is land. Og her syner meister Fjellheim til fulle breidda i joik, samstundes som han utvidar definisjonen av kva den samiske tradisjonsmusikken kan vera.

Framsyninga under Osafestivalen er støtta særskilt avSámediggi og Dansenett Norge

Medverkande
Sara Marielle Gaup Beaska
Kajsa Balto
Grete Daling
Olga-Lise Holmen
Nora Svenning
Julie Moviken
Marianne Kjærdund
Lys: Anniel. Olsen
Lyd: Eivind Steinholm

Produksjon:

dáiddalaš jođiheadji, koreográfa- kunstnerisk leder/koreograf
ELLE SOFE SARA

komponista- komponist
FRODE FJELLHEIM

mielkoreográfa – medkoreograf
ALEXANDRA WINGATE

biktasat- kostymer
ELLE SOFE SARA RAMONA SALO

lávdehábmen- scenografi
ELIN MELBERG

čuovgahábmen- lysdesign
ØYSTEIN HEITMANN

čuovgateknihkkár- lysmester
ANNIELL OLSEN

drámáturga- dramaturg
THOMAS SCHAUPP

jietna- lyd
HÅKON ELIAS PETTERSEN

gáhpirduojárat- luesøm
ZOJA GALKINA
UNNI FJELLHEIM SARA INGA UTSI BONGO KAREN INGA BULJO OSKAL JORUNN LØKVOLD HILLY SARRE

gákteduojárat- koftesøm
KAREN INGA BULJO OSKAL ANN MARI SARA

čájálmasa namma boahtá dás- opphav til forestillingstittelen
RÁJÁCUMMÁ/ KISS FROM THE BORDER BY NIILLAS HOLMBERG
OUTI PIESKI
JENNI LAITI

produseanttat- produsenter
MAIKEN GARDER
MAGNUS NORDBERG/ NORDBERG MOVEMENT

ovttasbargoguoimmit- i samarbeid med
DANSEARENA NORD
DET SAMISKE NASJONALTEATRET BEAIVVÁŠ

mielbuvttadeaddjit- koprodusenter
FESTSPILLENE I NORD-NORGE NORRLANDSOPRAEN

ruhtadeaddjit- finansiert av
SÁMEDIGGI
NORSK KULTURRÅD NORDISK KULTURKONTAKT FOND FOR LYD OG BILDE DÁIDDAFOANDA SÁMIRÁĐĐI
SPENN

ovdaprošeavtta ruhtadeaddjit- utviklingsstøtte forprosjekt
TROMS OG FINNMARK FYLKESKOMMUNE NORSK KULTURRÅD

Detaljar:

Dato
30. oktober 2022
Tid:
19:00

Lokale

Voss idrettshall