Opheim & Plassen trallar til dans
Å tralla til dans er ein gammal tradisjon, og laurdag kveld i idrettshallen kan du få svinga deg til to som kjenner sjangeren inn og ut. Synnøve Brøndbo Plassen vart nominert til Spellemannsprisen 2021 i klassa for folkemusikk med sitt album Hjemve – Slåttetralling fra Folldal. Eit album med 21 dansetrallar som omfattar dansar som springleik, vals, reinlender, halling og meir til. Berit Opheim kan òg si dansetralling, og sjølv om ho tek utgangspunkt i våre lokale dansetrallar, lovar ho òg at ho og Synnøve både skal tralla saman og kvar for seg flytta seg over tradisjonsgrensene for danstrallinga.
Med:
Berit Opheim
Synnøve Brøndbo Plassen
Billettar i sal på TicketCo:
Festivalpass, dagspass eller huskort Voss idrettshall laurdag
Billettar til «Mat, musikk og vin» gjeld også for inngang til dansen i Voss idrettshall.
Foto: Roger Tallroth