Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Masterkonsertar: Johanne Mjøs og Kristoffer Kleiveland

28. oktober 2022 kl 15:00 - 17:30

Fele, hardingfele og durspel står på programmet når Johanne Løkensgard Mjøs og Kristoffer Kleiveland held sine avsluttande masterkonsertar i Osasalen fredagen. Gjennom år har dei to arbeidd med, utforska og utfordra sine lokale tradisjonar; Johanne den nord-norske tradisjonsmusikken og Kristoffer durspeltradisjonen frå Vestlandet.  Dei to er ikkje åleinescena når dei skal presentera slåttespel, bygdedans og runddans som strekkjer seg frå Nord-Noreg til Vestlandet. Dei har begge med seg gode musikarvener frå ulike tradisjonsmiljø, men det vert òg solospel frå dei to masterstudentane.

Johanne Mjøs – fele, hardingfele
Kristoffer Kleiveland – durspel
Inviterte gjester

Det vil bli eit kort opphald mellom dei to konsertane.
Gratis inngang – hugs å laste ned gratisbillett på TicketCo

 Foto: Svanhild Toppe Tolaas / Thor Hauknes

Detaljar:

Dato
28. oktober 2022
Tid:
15:00 - 17:30

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart