Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Merit Hemmingson

29. oktober 2022 kl 20:30

Merit Hemmingson er så nær du kan koma ei levande legende i det svenske musikklandskapet. Den 81 år gamle organisten, komponisten og songaren frå Jämtland har i snart 60 år skapt og uttrykt sitt heilt eigne musikalske univers. Eit univers der den svenske folkemusikken møter rocken, møter jazzen. Om nokon har skapt sin eigen «sound», er det Hemingson – med sitt B3-orgel i botn. Det store gjennombrotet kom med albumet Huvva! i 1971 – og albumtitlar som Swedish modern, Njutningar, og Psalmer – Men på mitt vis fortel det meste om at den svenske dronninga alltid har fylgt sin eigen veg. Merit Hemmingson var, som Sigbjørn Bernhoft Osa, med på den legendariske Ragnarock-konserten i Holmenkollen i 1973, og to av låtane hennar frå konserten kom med på den påfylgjande konsertfilmen. Ho er no aktuell med albumet Huvva! Vad tiden går som kom i 2021.

Merit Hemmingson – orgel og song
Ola Winkler – trommer og koring
Anders Norudde – moraharpe og sekkepipe
Milton Öhrström – tangentar

Billettar i sal på TicketCo:
Festivalpass, dagskort laurdag eller huskort Voss idrettshall

Foto: Olof Grind

 

Detaljar:

Dato
29. oktober 2022
Tid:
20:30

Lokale

Voss idrettshall