
Lunsjkonsert
28. oktober kl 12:00

Kanskje vert det meir enn eit hint av Shetland når sjølvaste Catriona Macdonald stiller i spissen for Ole Bull-studentane på Voss Sparebank og Osafestivalen sin tradisjonelle lunsjkonsert fredag. Macdonald har vore lærar for studentane dei siste dagane inn mot festivalen, og det skal verta spennande å sjå om dei har tileigna seg dåmen og spelet frå øyane i vest.
Det er eit imponerande nivå på studentane ved Ole Bull Akademiet, slik det er ved alle musikkutdanningsinstitusjonane våre. Det er like godt å merka seg namna med ein gong, for dette er morgondagens stjerner, som me kjem til å nyta godt av i tiår framover.
Konserten er eit samarbeid med Voss Sparebank
Billettar
Hent gratisbillett i Voss Sparebank