Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Årets Osamæle: EIN SOLEKLAR EINAR

30. oktober 2022 kl 15:00

Sigrid Moldestad og vener hyllar Einar Mjølsnes

«Han er kanskje den mest ukjende folkemusikk-kjendisen vi har. Djupt respektert og sett opp til av sine kollegaer for sitt innovative leikne spel og sin vakre tone. Tonar som er meir kjende enn folk veit om? For når kjenningsmelodien til «Norsktoppen» gjekk i tallause år på radio var det Einar sin Christiana Fusel og Blaagress-versjon frå 1972 av «Fanitullen» vi høyrde»

Dette skriv Sigrid Moldestad. Ho skal vera vertinne og samtalepartnar når 70-årsjubilanten Einar Mjølsnes skal heidrast på årets Osamæle. Og det er litt av eit lag ho og Einar har med seg: Håkon Høgemo, Frank Rolland, Sigbjørn Apeland, Berit Opheim og Voss spelemannslag. Og det kan trengjast når denne løyndomen av ein spelemann skal fram i ljoset. For som Sigrid seier om mannen som har fått pris for trioen Gamaltnymalt og har vore fylkesmusikar i mange år: «Han er smålåten på eigne vegne, og har kanskje stått litt i skuggen for dei andre store i regionen, men blant dei same store, er det gjerne Einar dei ser aller mest opp til.»

Med:
Einar Mjølsnes
Sigrid Moldestad
Håkon Høgemo
Frank Rolland
Sigbjørn Apeland
Berit Opheim
Voss spelemannslag

 

Detaljar:

Dato
30. oktober 2022
Tid:
15:00

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart