Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Margunn Blikberg Nordgård solo

30. oktober 2022 kl 11:00

Start dagen med solokonsert og sundagskaffe i Sævelid! Margunn voks opp på garden Øyjordi på Vossestrand, der ho framleis bur og driv gard med familien. Med to foreldre som var aktive folkedansarar, vart ho tidleg dregen inn i folkemusikken. Allereie som sjuåring byrja ho med hardingfele – fyrst med Olav Selland som læremeister, og seinare Lars Skjervheim og Leif Rygg. Margunn har vore aktiv i Voss Spelemannslag heile sitt vaksne liv og har eit stort repertoar og mykje røynsle. Vi gler oss stort til å høyre ho solo i Sævelid!

Margunn Blikberk Nordgård – hardingfele

Konserten varer i 40 min.
Konserten skjer i samarbeid med Sævelid AS
Foto: Per Finne

 

 

Detaljar:

Dato
30. oktober 2022
Tid:
11:00

Lokale

Sævelid
Osavegen
Voss, Voss Norway
+ Google-kart