Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Urtonen: Hans Fredrik Jacobsen – solo seljefløyte

29. oktober 2022 kl 10:30

Seljefløyta er årets urtoneinstrument, og når multiinstrumentalist Hans Fredrik Jacobsen går til urtonen går han også til urmaterialet. For sjølvsagt er seljefløytene både sjølvlaga og laga av seljebork. Og me snakkar fløyter i fleirtal, for Hans Fredrik har spikka fløyter i ulike lengder – og dermed i ulike tonearter.  

Hans Fredrik Jacobsen er ein rutinert ringrev som har spelt inn og vore med på ei mengd album. Det nyaste albumet heiter Svadilja og inneheld berre musikk for seljefløyte – noko tradisjonsstoff, men mest nylaga. Under opptaka på Krokskogen på førsommaren 2021, vart seljeslåttane til Hans Fredrik akkompagnerte av fuglesong, humlesurr, vind, bekkesus og meir til. Enklare og meir naturleg får du det ikkje!  

Kanskje er det ikkje akkurat fri flyt av humler og småfugl på urtonekonserten i foajéen i Gamlekinoen festivallaurdagen, men vare fløytetonar får du i alle fall!

«Mange som har levd en stund har sikkert spikket seljefløyte selv i barndommen. Antakelig klarte de å få fram bare en tone, men det er definitivt et instrument det går an å spille musikk på. Det gjør Hans Fredrik Jacobsen så til de grader på «Svadilja». Plata er simpelthen til lutter ørefryd for å finne harmoni og ro i sjelen»
– Jon Iver Grue, Østlendingen

«Det er intenst og stofflig. Et lyddrama som løper av gårde som om det var selveste Pan som hadde fortryllet Hans Fredrik Jacobsens seljefløyte»
– Glenn Erik Haugland, Ballade

«Det er fascinerande kor mykje det groovar, spelet til Hans Fredrik»
– Torkjell Hovland, Ballade

Billettar i sal på TicketCo:
Festivalpass, dagskort laurdag eller enkeltbillett

 

Detaljar:

Dato
29. oktober 2022
Tid:
10:30

Lokale

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart