Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Dei gamle instrumenta

30. oktober 2022 kl 14:30

Rasmus og Kenneth tek oss med på ei leiken hylling av nokre av dei eldre folkemusikkinstrumenta i Noreg! Dei serverer spenstige, fine og rare slåttar og morosame, alvorlege og skumle forteljingar knytte til instrumenta.
Velkomen til ei rykande fersk førestilling i Årestova på Mølstertunet som høver for born og vaksne i alle aldrar!
Årestova er frå kring 1600. Huset var opphaveleg bustadhus, men frå 1732 vart det brukt som eldhus. Stova er ei av to årstover på Mølstertunet. Heile tunet vart freda av Riksantikvaren allreie i 1923. Den er lafta i fint rundtømmer og typisk for budstadhusa som var vanlege på Voss og Vestlandet frå kring 1200 – slutten av 1800 talet.

Med:

Kenneth Lien – munnharpe, langeleik, lyre, fløyter
Rasmus Kjorstad – langeleik og munnharpe
Hans Martin Austestad – produsent

Konserten er ein samproduksjon med Riksscenen og vert arrangert i samarbeid med Voss folkemuseum.

Billettar
Festivalpass, dagspass sundag eller enkeltbillett
Kun 30 plassar i Årestova, så sikre deg billett tidleg!
For dei som har festivalpass eller dagspass er det høve til å kjøpe plassbillett til denne konserten for å vere sikker på å få plass.
Opplev Voss Folkemuseum
I juni 2021 opna Voss Folkemuseum for første gong på meir enn 30 år ei ny basisutstilling på museet. Utstillinga «Utsyn mot Voss» ser på historia til Voss dei siste 500 åra.
Vis fram konsertbilletten i billettluka og få redusert inngangspris til museet: kr. 65,- (ord kr. 115,-)
Born under 15 år gratis

Detaljar:

Dato
30. oktober 2022
Tid:
14:30

Lokale

Voss Folkemuseum
Mølstervegen 143
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart