Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Felemakarar i aksjon!

29. oktober 2022 kl 12:30

Felemakarvekstaden ved Ole Bull Akademiet inntek Gamlekinoen! I tillegg til utdanning og kursing av studentar, har Akademiet sidan 2004 drive ein eigen verkstad for hardingfelebygging og reparasjon av instrument. Verkstaden har vorte ein stad som mange musikarar og andre hardingfeleinteresserte søkjer til.  På felemakarverkstaden reparerer dei hardingfeler og andre typar instrument laga av tre, som t.d. instrument frå fiolin-, gitar- eller viola da gamba-familiane. I spesielle tilfelle repararer dei også historiske tangentinstrument som cembalo eller spinett. Målet er å gje instrumenta best mogleg lydkvalitet og at dei skal vera lettspelte, samstundes som ein bevarar instrumentets orginalitet.

Velkomen inn mellom 12.30 og 13.30 for å sjå korleis konservator Wiebke Lüders og gitar- og fiolinmakar Lukas Pawelka arbeider!

 

Detaljar:

Dato
29. oktober 2022
Tid:
12:30

Lokale

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart