Steinar Rygg: spelemannen Leif Rygg i ord og tonar

Voss idrettshall

Ei forteljing i ord og tonar om spelemannen Leif Rygg sin entusiasme for folkemusikken i kombinasjon med eit aktivt yrkesliv som «landmålar» til utøvande folkemusikar. Her kjem bilde frå barndomsåra, familie- og arbeidslivet, organisatoren, pådrivaren, og utøvaren, samt slåttar han utøvde. – Steinar, no må du koma her! Me ska’ ne’ pao Flescher! Far kjem…

Tuva Syvertsen // Per Anders Buen Garnås // Alexander Aga Røynstrand

Voss idrettshall

Tre av landets aller flottaste felespelarar inntek scena sundagen under årets Osafestival – Tuva Syvertsen, Per Anders Buen Garnås og Alexander Aga Røynstrand! Tuva treng knappast nokon introduksjon: Som framifrå og knalltøff felespelar, vokalist og frontfigur i Valkyrien Allstars har ho vore ei svært viktig drivkraft i revitaliseringa og utviklinga av norsk folkemusikk etter årtusenskiftet.…

Dansefilmen «Kalde Mønster»

Voss kino

Kalde Mønster er en episodisk novellefilm der samspillet mellom ungdommene i filmen er sentral, både som medmennesker og dansere. Nærhet, rytmikk og kraften i dansen er de sentrale elementene. Handlingen er underbygget med sitat fra eldre kilder og intervju om dans i Troms og områdene rundt. I filmen får du oppleve folkedans som har lange røtter…

kr 100

Steinar Ofsdal: Frå seljefløyte til bansuri – 50 år med fløytekunst

Voss idrettshall

Steinar Ofsdal har gjort ein formidabel jobb som kunstnarisk leiar for Osafestivalen sidan 2004, og i år vert det siste året hans i denne stillinga. Den entusiastiske folkemusikkprofessoren og fløytemeisteren tek med seg eit knippe fløyter frå den rikhaldige samlinga si (som visstnok tel rundt 350 instrument!). Med seg på scena har han Espen Wensaas…

Osa i Ungdomshallen

Ungdomshallen

Studentane på Ole Bull Akademiet har med seg eit mangfald av instrument og musikkuttrykk på scena, med bakgrunn i folkemusikktradisjonar frå eit stort område - norsk munnharpe møter svensk mandola, sørnorsk ro veksler med nordnorsk temperament. Vi får høyra dei dyktige musikarane i fengande samspel, både i samla gruppe og mindre ensemble, avvekslande med soloinnslag.…

Bokslepp: Leif Rygg – Visjonær tradisjonsberar

Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, Norway

"Alle" kjenner meister- og riksspelemannen Leif Rygg. Men det er kanskje ikkje så mange som veit at han elska å vera kremmar og selja fisk og joletre? I Steinar Rygg si bok om faren fortel han om heile mennesket, på godt og vondt. Det vert boksal og signering mot slutten av boksleppet Velkomen! Boksleppet er…

Free

Opning av festivalutstillinga

Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, Norway

Årets festivalkunstnar er Bendik Finborud. Gjennom maleri, etsningar, musikk og ikkje minst handmåla animasjon skapar den unge vossingen eit eige visuelt uttrykk som bryt grensene mellom tradisjonell og digital kunst. Finborud, som nok har vore mest kjend som låtskrivar og artist, laga i 2020 ein musikkvideo, med rett under 2000 separate akrylmåleri, der fokus låg…

Free

Kultivatorpodden Live | huskort/pass

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Kultivatorpodden er ein podkast om kunst, kultur, folkemusikk og historie av og med Mette og Vegar Vårdal. Denne kvelden inntek dei festivalsofaen og inviterer gjestar til å snakke om årets festivalprogram, kunstnarleg drivkraft og folkemusikk.  Sjekk ut Kultivatorpodden

Thov G. Wetterhus – Munnharpe med vreng | huskort/pass

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Det er utruleg kor mykje drivande rytme, melodi og spanande klangar ein kan laga med ein liten metallbit i munnen, om ein berre er dyktig nok! Thov G. Wetterhus er ein av landets aller beste på munnharpe, det har han mellom anna bevist ved å vinne Landskappleiken heile seks gongar. Denne sommaren gav han ut…

Open Osascene | huskort/pass

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

"Du fela mi pale ale" frå Voss Bryggeri og skikkeleg hangout med open osascene i Gamlekinoen! Kan det bli betre? Perfekt oppladning til festivalhelga! Berre til å setje av heile kvelden! Ta med instrumentet ditt og bli med! Merk: Det kan vere avgrensa tal plassar til torsdagskvelden i Gamlekinoen av omsyn til smittevern.

Free

UngOsa  – helgesamling for born og unge

Voss ungdomsskule Olavsvegen, Voss, Norway

Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele eller toradar? Om du svarar «ja» (på eit eller fleire av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa! Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 6.gong! Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland…

Folkesnurr Spelemannslag – DJ, perkusjon og videokunst + HipHop/Break møter hallingdans| pass el. enkeltbillett

Voss idrettshall

Forsvinn magien i folkemusikken om ein legg musikken inn på ein minnepinne, miksar og triksar litt, og sender den ut att frå DJ-pulten? Litt annleis vert det jo, men magi likefullt! DJ Lars Finborud har gravd djupt i platesamlinga og har funne fram til kulokk, stev, og munnharpeslåttar, jigs og reels frå Irland, afrikansk perkusjonsmusikk,…

Lunsjkonsert

Nain Gymnasvegen 4, Voss, Norway

Framtida ser og høyrest ljos ut for folkemusikken her i landet, når ein ser det tilfanget av unge talent som blømer fram frå dei ulike folkemusikkutdanningane våre. Me er glade for å få besøk av nokon av morgondagens stjerner på Osafestivalen i år. Velkomen til den tradisjonelle lunsjkonserten vår med studentar frå folkemusikkutdanningane på Ole…

Free

Stikk innom-konsert med Toradarskulen / Fast i Skjervet

Ringheim Kafé Vangsgata 32, Voss

Velkomen til gratis stikk innom-konsert med Toradarskulen / Fast i Skjervet på Ringheim Kafé! Toradarskulen tilbyr toradar- og trekkspelundervisning til born og vaksne på Voss. "Fast i Skjervet" er toradargruppa på Voss. Gruppa er open for alle som har spelt toradar ei stund og som har lyst til å spela saman med andre. Stikk innom…

Prøv deg – lynkurs i seljefløytespel

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Mange har nok prøvd seg på å lage og spele seljefløyte i løpet av livet, men det er ikkje mange…

Free

HipHop/Break møter hallingdans – ungdomsworkshop

Vangsgryto Miltzowsgate 2, Norway

Bli med på danseworkshop i ungdomsklubben Gryto med break-dansaren Navid Rezvani og folkedansaren Torkjell Lunde Børsheim! Fyrstnemde er tidlegare Norgesmeister i break-dans, Norske talenter-deltakar, vinnar av Persia´s Got Talent i år og Børsheim vann landskappleiken i halling i 2019, er gjengangar på pallen i pardans og medlem i dansekompaniet Frikar. 15.00: Pizza! 16.00-17.30: Workshop: introduksjon…

Pils med Nils

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Journalist og vorspielvert Nils Kvamsdal har fått med seg ein fantastisk gjeng i sofakroken fredag ettermiddag før sjølve opninga av festivalen! Her vert det musikk og gode samtalar, og du får høve til å bli betre kjent med artistane bak tonane. Med: Bjørn Kåre Odde, Jorun Marie Kvernberg, Vegar Vårdal, GÅTE og Stian Carstensen &…

kr 225

Stian Carstensen opnar Osafestivalen

Voss idrettshall

Eidsvollingen Stian Carstensen har vore ein sentral utøvar innanfor jazz og folkemusikk gjennom 30 år som både utøvar, komponist og formidlar. Han er kan hende mest kjend frå bandet Farmers Market og trakterer mellom anna trekkspel, gitar, banjo, sekkepipe, bulgarsk fløyte, pedal steel gitar, fiolin og leirgauk. Av kuriøse faktaopplysningar kan vi nemne at han…

Opningskonsert: Bjørn Kåre Odde «Folk Chamber» | Pass

Voss idrettshall

Bjørn Kåre Odde har i snart eit tiår vore ein av dei mest attraktive felespelarane i landet – som konsertmusikar så vel som dansespelemann. Det er tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen som ligg i botn, og med erfaring som komponist og arrangør har han også fått merksemd langt utover folkemusikken i både inn- og utland. Sjølv om…

kr 750

Aofaott | Pass

Voss idrettshall

Trad. i redesign! Med bakgrunn i sjangrar som folkemusikk, country og americana, blues og boogie, jazz og populærmusikk tek Aofoatt tak i den lokale folkemusikken og gjer han til sin eigen. Dei har alle vossablod i årane, og ser fram til sin debutkonsert under sjølvaste Osafestivalen! Guro Kvifte Nesheim har dei siste åra turnert med…

Gåte Akustisk med Knut Buen | Voss idrettshall | pass el. enkeltbillett

Voss idrettshall

Gåte har spelt nesten eit halvt tusen konsertar der dei har gjort alt så stort, kraftig og eksplosivt som mogleg. No tek dei ei heilomvending, og presenterer ny og gamal musikk i ei mykje meir varsam, mystisk og lyrisk drakt. Norsk folkemusikk har alltid vore fundamentet i bandet Gåte. Syskena Gunnhild og Sveinung Sundli vaks…

KVERNBERG/CARSTENSEN DUO | Voss idrettshall | pass

Voss idrettshall

Duoen er velkjente Ola Kvernberg på fele og bratsj og multiinstrumentalist Stian Carstensen på trekkspel og banjo. Duoen  er vidgjeten for sine livlege framføringar, speleglede, driftige virtuositet og  kompetente, musikalske humor. Dei to eksperimenterer med kva som hender når ein  puttar alt i ei og same gryte, frå jazz og klassisk, blues og bluegrass til…

Veggkonsert

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Steinar Ofsdal har teke med eit stort utval av dei 400 instrumenta sine til Voss og nydelege Gamlekinoen! På denne konserten er det ikkje stygt å peika. På oppfordring frå publikum tek han ned eitt og eitt instrument og spelar og fortel dei mest fantastiske historiene. Kanskje du får høyre ein kinesisk dizi? Eller ein…

Alle har en liten dør bak øret

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

"Alle har en liten dør bak øret" er ei rekke musikalske framsyningar for heile familien med utgangspunkt i nyare norsk poesi for born. Folkemusikar Annlaug Børsheim har laga ny musikk og saman med skodespelar Vibeke Flesland Havre inviterer dei oss inn i ei verd der enkle pappfigurar får liv, kleshengarar blir til fjerne fjell og…

kr 125

Lunsjkonsert med Lillebo & Stubsveen

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

“Detta var nåe som vart spelt da ́n Adam gjekk i småskuuln” Om tolking og formidling av tradisjonsmusikken i vår samtid Kven er folkemusikken for? Er folkemusikken aktuell og viktig i vår samtid, og i så fall, kvifor det? Anders Lillebo og Sigrid Stubsveen (årets unge folkemusikar i 2020) er aktuelle med sin fyrste duoplate…

kr 225

Prøv deg! Lynkurs i dans

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Vi ladar opp til dans med Kvarts laurdag kveld i idrettshallen! Deltakarane får prøve seg på dei vanlegaste pardansane frå området: springar, reinlender, polka og vals. Passar for alle som har lyst til å prøve seg! Ta med gode sko! Kursleiar: Arne Anderdal Påmelding Last ned gratisbillett på Ticketco Kurset vert gjennomført i tråd med…

Free

Musikalsk prøverom

Torget Vangsgata 28, Voss, Norway

Kva slags merkelege instrument har Steinar Ofsdal funne fram frå samlinga si? Ta ein tur innom musikalsk prøverom på torget på laurdag! Vi fyller eit stort telt med spanande folkeinstrument som du kan få prøve! Lurer du på korleis ein spelar seljefløyte eller korleis ei munnharpe fungerer? Då er dette staden for deg – uansett…

Free

Meistertimen med Vegar Vårdal

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Kva betyr det eigentleg «å gå i lære» hjå nokon? Korleis foregår overlevering av tradisjonar, kunnskap og speleteknikk i praksis? Osafestivalen inviterer til programposten «Meistertimen» med Vegar Vårdal og studentar. Her tek me overleveringstradisjonen til scena. Vårdal, som vart kåra til Årets folkemusikar 2020, er ein framifrå representant for den yngre generasjonen i norsk folkemusikk.…

kr 225

ESC ungdomskompani for samtidsdans: «VI ER DET VI SIER, MEN OGSÅ DET VI TIER OM»

Nain Gymnasvegen 4, Voss, Norway

ESC ungdomskompani for samtidsdans har invitert koreograf Sigurd Johan Heide (Kartellet) og komponist Snorre Bjerck til å skape ei framsyning for og med ESC ungdomskompani for samtidsdans. Premieren på førestillinga får du oppleve på Osafestivalen! I den leikne, men krevande danseframsyninga Vi er det vi sier, men også det vi tier om tematiserer dei unge…

kr 165

Stikk innom-konsert med Toradarskulen / Fast i Skjervet

Ringheim Kafé Vangsgata 32, Voss

Velkomen til gratis stikk innom-konsert med Toradarskulen / Fast i Skjervet på Ringheim Kafé! Toradarskulen tilbyr toradar- og trekkspelundervisning til born og vaksne på Voss. «Fast i Skjervet» er toradargruppa på Voss. Gruppa er open for alle som har spelt toradar ei stund og som har lyst til å spela saman med andre. Stikk innom…

Prøv deg! Lynkurs i kveding

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Skulle du ynskje du var like god å kveda som Berit Opheim? No har du sjansen til å læra den…

Prøv deg! Lynkurs i munnharpespel

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Kor vanskeleg er det eigentleg å få den vetle metalldingsen til å låta bra? Lyst til å prøva deg? Bli…

Free

Pils med Nils

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Journalist og vert Nils Kvamsdal inviterer til herleg musikk og gode samtalar i sofakroken i foajéen i Gamlekinoen laurdagen! Gjestar: Hildegun Øiseth, Eilif Gundersen, Bjarte Eike, Sigrid Stubsveen, Knut Buen og Jørund Rong «Pils med Nils» er eit samarbeid med Avisa Hordaland. Merk: Det er avgrensa tal på plassar på denne programposten. Kom tidleg for…

kr 225

Dei gamle er eldst

Voss idrettshall

Dei gamle er eldst er ei gripande danseframsyning som kretsar rundt dei eldre hallingmeistrane våre, dei store førebileta for ein heil generasjon nye dansarar, som trør dansen med livsrøynde kroppar og har tyngde i dansen som ungdommen berre kan drøyme om. Dei har skapt yrande dansemiljø kring seg og lærer framleis opp hallingdansarar rundt i…

Knut Buen møter Steinar Rygg

Voss idrettshall

«Samhug i slåttespel» Slåttar og spelemenn på vandring mellom Voss og Telemark Alt frå slutten av 1700-talet, og kanskje også før, har det vore utveksling av kultur og næringsdrift mellom Vestlandet og Telemark. Folkevandringa over hardangervidda var stor, og med denne blei det bytt varer, tenester, stifta famelieband og, ikkje minst, bytt slåttar. Hardingfela hadde…

kr 250

Urtonen | pass

Voss idrettshall

Årets urtoneinstrument er bukkehornet  (iblant kalla stutarhorn eller spellarhorn). Tradisjonelt er det eit gjetarinstrument, som mellom anna vart brukt til å skræme bort rovdyr og kommunisere med andre gjetarar eller budeier på setrane. Horn frå geitebukk, ku og okse har vore brukte til dette føremålet. I vår tid har bukkehornet fått ein renessanse som konsertinstrument…

Mat, musikk og vin – Nordnorsk smaksoppleving

Park Hotel Uttrågata 3, Voss, Norway

Under årets "Mat, musikk og vin" inntek den Bodø-baserte restauranten Lystpå kjøkkenet på Park Hotel. Akkurat kva menyen inneheld, er førebels ei overrasking, men me vonar på smak av midnattssol, sjøsprøyt og måseskrik! Artistar: Bjarte Eike & Barokksolistene Ragnhild Hemsing & Andreas Brantelid Billettar Kr. 1700,-/pers Park Hotel via telefon 56 53 10 00 eller…

kr 1700

Torgeir Waldemar med Abildsø Spelemannslag | pass

Voss idrettshall

Country-, americana- og folkrockaren Torgeir Waldemar tok det norske folk og ei samla musikkpresse med storm med den sjølvtitulerte debutplata si i 2014, ein debut som hausta heile to nominasjonar til Spellemannprisen! Plata var prega av eit akustisk og lågmælt uttrykk, som etterkvart fekk selskap av meir elektriske og vrengte tonar på oppfylgjaren No Offending…

«The Alehouse Sessions» med Bjarte Eike og Barokksolistene | pass el. enkeltbillett

Voss idrettshall

Barokksolistene, med Bjarte Eike i spissen, har skapt furore og hausta lovord i Skandinavia og store delar av Europa og USA med The Alehouse Sessions. Her gjenskaper dei den musikalske og sosiale situasjonen på vertshusa i England på 1600- og 1700-tallet med vill, humørfylt sceneopptreden, virtuos teknikk, leiken improvisasjon og medrivande stemning. Her går engelske…

Dans med Kvarts | pass el. enkeltbillett

Voss idrettshall

Kvarts er ei av dei folkemusikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan oppstarten i 1998 har kvartetten sett djupe spor etter seg både i norsk musikkliv, på folkemusikkscena, og internasjonalt. Dei har gjeve ut heile ni album, vunne Spellemann-pris to gongar, skrive seks tingingsverk, spelt utallige konsertar, og dei har samarbeida med Kringkastingsorkesteret og artistar…

Fanitullen

Tre Brør Bar Vangsgata 28, Voss, Norway

Fanitullen er nok den mest kjende slåtten me har i norsk folkemusikk. Om ein spelar hardingfele, er gjerne dette den mest populære «ynskjeslåtten». Namnet tyder eigentleg «fandens trall», og segna fortel at Fanden sjølv spelte slåtten i eit bryllaup med påfølgjande basketak og dødeleg utgang. Dette er skildra svært levande i Jørgen Moe sitt dikt…

kr 225

Folkemusikkmesse med Kvarts

Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss, Norway

Folkemusikkmessa under Osafestivalen har blitt ein tradisjon.  På programmet står Jo Asgeir Lie sin komposisjon «Folkemusikkmesse frå Ål», der Lie har laga ny liturgisk musikk i folkemusikkstil til den ordinære høgmessa. Verket har vorte populært i kyrkjesamanheng over heile landet, og det vart spelt inn som album i 2012, under namnet «Til himmels med gangar…

Free

Ragnhild Hemsing: RØTA

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Med albumet Røta (2021) viser Ragnild Hemsing endå ein gong kvifor ho er ein av landets mest spanande og dyktige musikarar. Den unge fiolinisten er musikalsk tospråkleg: Ho kombinerer den klassiske musikkverda med djupe røter i den rike folkemusikktradisjonen på ein ungdommeleg, frisk og teknisk briljant måte – på både fiolin og hardingfele! Albumtittelen Røta…

kr 350

UNGOSA – familiekonsert

Voss idrettshall

Som avslutning på helgesamlinga for born og unge under festivalen får deltakarane syne publikumet kva dei har jobba med i løpet av helga. Hver vert det spel, song og dans framført av unge, spente kurdeltakarar. Premiere på "Dansegledevideo" Hardingfela.no inviterar alle til å dansa og til å laga og sende inn sine eigne Dansegledevideoar med…

Free

Prøv deg! Lynkurs i kveding – MERK NY TID/STAD

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Skulle du ynskje du var like god å kveda som Berit Opheim? No har du sjansen til å læra den…

Free

«Purcell’s Playground» med Bjarte Eike og Barokksolistene

Nain Gymnasvegen 4, Voss, Norway

I Purcell´s Playground tolkar Bjarte Eike og Barokksolistene Henry Purcells rike katalog, mellom anna saman med solisten Mary Bevan. Konsertprosjektet har vorte framført i både Danmark, Østerrike, Tyskland, England og i Sveits, i tillegg til eit knippe konsertar i Noreg. Tilbakemeldingane er alt frå ståande applaus frå publikum til toppkarakterar i dagspressa: «En av de…

kr 350

Marit Karlberg solo

Sævelid Osavegen, Voss, Voss, Norway

Marit Karlberg har ei av dei mest særeigne kvedarstemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ og nyskapande. På repertoaret har ho alle slags viser, og ho har bruka mykje tid på å leite i gamle songbøker og arkiv etter gamalt tonemateriale. Ho har utvikla sin eigen speleteknikk på langeleiken som ho brukar…

Årets Osamæle: Mari Boine i samtale med Benedicte Maurseth

Voss idrettshall

Sidan debuten for over 30 år sidan har Mari Boine vore ei sterk og  viktig stemme på den nordiske musikkscena. Ho har saman med sine medmusikarar fornya joik og den samiske tradisjonsmusikken ved å trekke inn impulsar frå rock, jazz og annan folkemusikk. Med ein innholdsrik diskografi og eit stort antal konsertar i inn- og…

Kim Rysstad trio

Voss idrettshall

Med ei vakker og særmerkt røyst og solid utdanning både innan klassisk song og folkemusikk har Kim Rysstad funne sitt eige uttrykk i skjeringspunktet mellom folkemusikk, pop, country og bluegrass. Den prisvinnande vokalisten frå Valle i Setesdal har nådd ut til eit stort publikum som artist, mellom anna gjennom deltaking på Stjernekamp og Melodi Grand…

Figurteater: Nattergalen og rosen

Osafestivalen og ”Fiddlesticks – eit fabelaktig figurteater” presenterer: «Nattergalen og rosen» av Oscar Wilde. Med: Knut Hamre (hardingfele), Einar Mjølsnes (forteljar), Wiebke Lüders (marionettspelar) og Kristina Hjetland (marionettspelar) Framsyninga varer i om lag 30 min. Kun 20 plassar pr. framsyning. Figurteateret er eit flyttbart dokketeater med base på Voss. Teatret kombinerer tradisjonelt marionettspel med element…