Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Dei gamle er eldst

30. oktober 2021 kl 16:00

Dei gamle er eldst er ei gripande danseframsyning som kretsar rundt dei eldre hallingmeistrane våre, dei store førebileta for ein heil generasjon nye dansarar, som trør dansen med livsrøynde kroppar og har tyngde i dansen som ungdommen berre kan drøyme om. Dei har skapt yrande dansemiljø kring seg og lærer framleis opp hallingdansarar rundt i heile landet.

«Får eg’kje danse, så døyr eg», syng Tuva Syvertsen, og framhever slik det eksistensielle alvoret. Men her finst og latter og glede, liv og rørsle. «Dei gamle er eldst syner kva scenisk folkedans kan vere på sitt aller beste; dansen blir brukt som reiskap til å teikne opp eit breitt eksistensielt drama», skriv Ballade i ei omtale. Her er levandegjeringa av dei historiske linjene i tradisjonsdansen. Her er dansarane som skal vise korleis det skal og bør gjerast. Dei gamle er trass alt eldst.

Medverkande:

Dans: Martin Myhr, Rolf Bjørgan, Ingar Ranheim, Dagfinn Krogsrud, Dag Hamre, Vidar Underseth
Musikk: Tuva Livsdatter Syvertsen (komponist) og Sivert Holmen
Koreografi, initiativtaker og dans: Silje Onstad Hålien
Dramaturgi og kunstnerisk veiledning: Susanne Marko
Koreografiassistent: Christine Seierstad
Scenografi: Morten W. Hjarnø
Kostyme: Sylvia Denais
Lysdesign: Ida Andersson
Lyddesign: Øystein Etterlid
Produsent: Andreas Ljones/Villniss dansekompani
Samproduksjon mellom Riksscenen, Førdefestivalen, Jørn Hilme-stemnet og Villniss dansekompani.

Detaljar:

Dato
30. oktober 2021
Tid:
16:00

Lokale

Voss idrettshall