Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

UNGOSA – familiekonsert

31. oktober kl 13:00

Gratis

Som avslutning på helgesamlinga for born og unge under festivalen får deltakarane syne publikumet kva dei har jobba med i løpet av helga. Hver vert det spel, song og dans framført av unge, spente kurdeltakarar.

Premiere på «Dansegledevideo»
Hardingfela.no inviterar alle til å dansa og til å laga og sende inn sine eigne Dansegledevideoar med frist 1.oktober! Det vert premiére på den store Dansegledevideoen i samband med UngOsa konserten! Gled dykk!

Songen Danseglede og dansen som høyrer til med øvingsvideoar ligg er no tilgjengeleg for alle som vil læra seg den! Du finn den her: https://www.youtube.com/channel/UCUYmXAbIswg_LdBTULfBGvQ    Songen ligg også tilgjengeleg på alle strøymetenester for musikk. Danseglede er ei gåve til alle som treng litt ekstra glede i tidene me er i no, og ingenting gjer betre enn å dansa. Anten åleine, eller saman med kohorten din. Etter kvart så vonar me at grender, byer, skular, fotballag m.m. kan dansa Danseglede saman. Folkemusikaren Lajla Renate Buer Storli fekk idéen til Danseglede i haust etter inspirasjon frå BlimE-dansen til NRK. Ho laga ein nydeleg tekst, og melodien laga ho saman med John Ole Morken. Så tok Lajla kontakt med hardingfela.no som gjerne ville vera med å spreie Danseglede. No er Danseglede spelt inn med Lajla, John Ole, Kvarts, Kåre Opheim, Berit Opheim og elevar frå Voss kulturskule. Inga Myhr og Magni Rosvold har laga koreografi og øvingsvideoar til dansen.

Billett:
Konserten er gratis men du må late ned gratisbillett på ticketco

Detaljar:

Dato
31. oktober
Tid:
13:00
Billettpris:
Gratis

Lokale

Voss idrettshall
Idrottsvegen 13
Voss, Vestland 5700 Norway
+ Google-kart
Telefon:
56 51 08 50