Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Steinar Rygg: spelemannen Leif Rygg i ord og tonar

25. oktober kl 15:30

Ei forteljing i ord og tonar om spelemannen Leif Rygg sin entusiasme for folkemusikken i kombinasjon med eit aktivt yrkesliv som «landmålar» til utøvande folkemusikar. Her kjem bilde frå barndomsåra, familie- og arbeidslivet, organisatoren, pådrivaren, og utøvaren, samt slåttar han utøvde.

– Steinar, no må du koma her! Me ska’ ne’ pao Flescher!
Far kjem springande ned trappa, og eg kan høyra på stega at det er noko ekstra som står på.
– Jammen, eg har prøve i morgo, å da e siste sjansen te å få opp standpùnktkarakteren!!
– Ja, da få’kje hjelpa. Detta hasta! Han er blid og overtalande, som berre han kan vera. Så til Fleischer’s Hotel ber det. Der ventar Sonny Anderson frå Epcot Center i Orlando. Han vil ha meg med til Florida som felespelar, og det fortare enn svint. – Can you leave tomorrow? Next week? Far klarte å overtala meg, og eg reiste til Orlando rett etter skriftleg eksamen. Me tok sjangsen på at det ikkje var munnleg eksamen pga streik blant lærarar. Det var denne blide entusiasmen, overtalingsevna og drivkrafta som kjenneteikna far. Det var få hindringar eller sperrer på vegen, som bremsa han. Det smitta over på andre, og gav grobunn til eit flott folkemusikkmiljø.

Med:
Steinar Rygg

 

 

 

 

 

Detaljar:

Dato
25. oktober
Tid:
15:30

Lokale

Voss idrettshall
Idrottsvegen 13
Voss, Vestland 5700 Norway
+ Google-kart
Telefon:
56 51 08 50