Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Thov G. Wetterhus – Munnharpe med vreng | huskort/pass

28. oktober 2021 kl 22:00

Det er utruleg kor mykje drivande rytme, melodi og spanande klangar ein kan laga med ein liten metallbit i munnen, om ein berre er dyktig nok! Thov G. Wetterhus er ein av landets aller beste på munnharpe, det har han mellom anna bevist ved å vinne Landskappleiken heile seks gongar.

Denne sommaren gav han ut plata Stålslått til strålande kritikkar. The Wire prisa det dei kalla «a fierce, driven sound», og Dag og Tid beskreiv utgjevinga som
«ei uvanleg fascinerande plate som viser kor suggererande dette vesle instrumentet kan fungera i hendene på ein svært god utøvar».

Detaljar:

Dato
28. oktober 2021
Tid:
22:00

Lokale

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart