Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Dans med Kvarts | pass

30. oktober kl 23:00

Kvarts er ei av dei folkemusikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan oppstarten i 1998 har kvartetten sett djupe spor etter seg både i norsk musikkliv, på folkemusikkscena, og internasjonalt. Dei har gjeve ut heile ni album, vunne Spellemann-pris to gongar, skrive seks tingingsverk, spelt utallige konsertar, og dei har samarbeida med Kringkastingsorkesteret og artistar som Jonas Fjeld, Berit Opheim og Sondre Bratland.

Repertoaret deira inneheld tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale, med hovudvekt på norsk og svensk folkemusikk. Tjue år med samspel har gjort gruppa til ei av dei mest samspelte og dynamiske folkemusikkgruppene som finst – me gler oss stort til dansespel med denne gjengen i Idrettshallen!

Billett
Festivalpass eller dagpass laurdag kveld i idrettshallen. Det vert ikkje sal av enkeltbillettar til denne konserten.

Med:
Jo Asgeir Lie – trekkspel
Øystein Rudi – fele, hardingfele
Tom Willy Rustad – kontrabass, gitar, torader, seljefløyte, munnharpe
Erlend Styve – gitarar

 

Detaljar:

Dato
30. oktober
Tid:
23:00

Lokale

Voss idrettshall
Idrottsvegen 13
Voss, Vestland 5700 Norway
+ Google-kart
Telefon:
56 51 08 50