Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Tuva Syvertsen // Per Anders Buen Garnås // Alexander Aga Røynstrand

25. oktober 2020 kl 16:30

Tre av landets aller flottaste felespelarar inntek scena sundagen under årets Osafestival – Tuva Syvertsen, Per Anders Buen Garnås og Alexander Aga Røynstrand! Tuva treng knappast nokon introduksjon: Som framifrå og knalltøff felespelar, vokalist og frontfigur i Valkyrien Allstars har ho vore ei svært viktig drivkraft i revitaliseringa og utviklinga av norsk folkemusikk etter årtusenskiftet. Per Anders Buen Garnås plukka allereie som seksåring opp fela og lærte både dette og hint av onklane Hauk og Knut Buen. Dette lønte seg, då han idag er blant landets aller beste hardingfelespelarar: Han har vunne landskappleiken heile fire gongar, i tillegg til to Folkelarmprisar og fleire Spellemann-nominasjonar. I 2019 måtte han likevel se seg slått av gravensaren Alexander Aga Røynstrand, som henta med seg siger og Kongepokalen heim frå Landskappleiken i Vågå. Me ser fram til eit verkeleg meistermøte med desse tre på scena under årets festival!

 

Foto: Knut Utler

Detaljar:

Dato
25. oktober 2020
Tid:
16:30
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Voss idrettshall