Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Ragnhild Hemsing: RØTA

31. oktober 2021 kl 12:00

kr 350

Med albumet Røta (2021) viser Ragnild Hemsing endå ein gong kvifor ho er ein av landets mest spanande og dyktige musikarar. Den unge fiolinisten er musikalsk tospråkleg: Ho kombinerer den klassiske musikkverda med djupe røter i den rike folkemusikktradisjonen på ein ungdommeleg, frisk og teknisk briljant måte – på både fiolin og hardingfele!

Albumtittelen Røta («røter», på Hemsing si Valdres-dialekt), har ei dobbeltyding. På den eine sida viser tittelen til Hemsing sin identitet, bakgrunn og røter i folkemusikken. I tillegg seier tittelen noko om det musikalske materialet på plata: Hemsing utforsker her klassiske stykke frå komponistar som Ole Bull, Edvard Grieg, Johan Halvorsen og Johan Svendsen, der inspirasjonen frå norsk folkemusikk er tydeleg.

Med:
Ragnhild Hemsing – feler
Sveinung Bjelland – klaver
Andreas Brantelid – cello

Konsertvert: Håkon Asheim

Billettar:
Du kan kjøpe enkeltbillett eller dobbeltkonsert-billett til denne konserten
Enkeltbillett kr. 350,-
Dobbel klassisk: «Ragnhild Hemsing: RØTA» + «Purcell’s Playground» med Bjarte Eike og Barokksolistene kr. 500,-

 

 

Detaljar:

Dato
31. oktober 2021
Tid:
12:00
Billettpris:
kr 350

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway