Opning av festivalutstillinga
Årets festivalkunstnar er Bendik Finborud. Gjennom maleri, etsningar, musikk og ikkje minst handmåla animasjon skapar den unge vossingen eit eige visuelt uttrykk som bryt grensene mellom tradisjonell og digital kunst. Finborud, som nok har vore mest kjend som låtskrivar og artist, laga i 2020 ein musikkvideo, med rett under 2000 separate akrylmåleri, der fokus låg på sorg som tema. Gjennom årets festivalutstilling freistar den unge kunstnaren å visualisera den energien og livskrafta som pregar folkemusikken: «Representasjonen av folkemusikkutøvarar har ofte vore roleg og tilbakehalden, med bilete av artistane som står stille med fele i hand og ser i kamera. Inntrykket mitt av musikken har alltid vore det motsette. Folkemusikk eksploderer jo med energi. Litt av håpet mitt gjennom denne utstillinga er å fange opp nettopp den energien i bileta og animasjonane mine.»
Årets festivalutstilling vil vera fargesprakande og energisk, med måleri, etsningar og handmåla animasjoner frå folkemusikken.
Vel møtt!
Utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag
Billett
Hugs å laste ned gratisbillett til opninga på ticketco. Det kan vere avgrensa tal på denne programposten av omsyn til smittevern