Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

«The Alehouse Sessions» med Bjarte Eike og Barokksolistene | pass

30. oktober kl 21:30

Barokksolistene, med Bjarte Eike i spissen, har skapt furore og hausta lovord i Skandinavia og store delar av Europa og USA med The Alehouse Sessions. Her gjenskaper dei den musikalske og sosiale situasjonen på vertshusa i England på 1600- og 1700-tallet med vill, humørfylt sceneopptreden, virtuos teknikk, leiken improvisasjon og medrivande stemning. Her går engelske «sea shanties», Purcell-ouverturar og skandinavisk folkemusikk saumlaust hand i hand.

The Alehouse sessions har gått rett heim hos tilhengjarar av både jazz, klassisk og folkemusikk, i tillegg til hjå den internasjonale musikkpressa, som mellom anna har kalla musikken deira «irresistible» (The Times), «superb» (The Scotsman) og «fabulously unrestrained» (The Guardian)!

Billett
Festivalpass eller dagpass laurdag kveld i idrettshallen. Det vert ikkje sal av enkeltbillettar til denne konserten.

Få også med deg
samtalen med Bjarte Eike i «Pils med Nils» i foajéen i Gamlekinoen laurdag frå kl. 14.00. Få plassar, så kom tidleg for å få plass!

Med:
Bjarte Eike (NO): fiolin, vokal, kunstnerisk leder
Fredrik Bock (SE): gitar, charango, vokal
Per Buhre (SE): bratsj, vokal
Tom Guthrie (UK): lead vokal, fiolin
Johannes Lundberg (SE): kontrabass, vokal
Helge Andreas Norbakken (NO): perkusjon, vokal
Steven Player (UK): dans, gitar, vokal
Hans Knut Sveen (NO): harmonium, vokal

 

 

Detaljar:

Dato
30. oktober
Tid:
21:30

Lokale

Voss idrettshall
Idrottsvegen 13
Voss, Vestland 5700 Norway
+ Google-kart
Telefon:
56 51 08 50