Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Urtonen | pass

30. oktober 2021 kl 18:30

Årets urtoneinstrument er bukkehornet  (iblant kalla stutarhorn eller spellarhorn). Tradisjonelt er det eit gjetarinstrument, som mellom anna vart brukt til å skræme bort rovdyr og kommunisere med andre gjetarar eller budeier på setrane. Horn frå geitebukk, ku og okse har vore brukte til dette føremålet. I vår tid har bukkehornet fått ein renessanse som konsertinstrument og vert brukt i mange ulike samansetningar og sjangrar. Urtone-konserten vil vise bukkehornet sine ulike sider med både ny og gamal musikk. Dette ligg an til å bli rått, vakkert og spanande!

Eilif Gundersen veit det som er å vite om lur- og bukkehorntradisjonar frå Hallingdal, og har medverka på ei lang rad plateinnspelingar og prosjekt opp gjennom. Hildegunn Øiseth spelar trompet, flygelhorn og bukkehorn, og har bidrege til fornyinga og revitaliseringa av dette instrumentet mellom anna gjennom debutalbumet Hildring frå 2009. Olav Torget er ein av landets aller beste og mest spanande gitaristar – han meistrar ei rad ulike strengeinstrument og har ein vid musikalsk horisont etter mykje fordjuping i afrikanske musikktradisjonar.

Billett
Festivalpass eller dagpass laurdag kveld i idrettshallen. Det vert ikkje sal av enkeltbillettar til denne konserten.

Med:
Eilif Gundersen (bukkehorn)
Hildegun Øiseth (bukkehorn)
Olav Torget (strenger)

 

Detaljar:

Dato
30. oktober 2021
Tid:
18:30

Lokale

Voss idrettshall