Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Fanitullen

31. oktober kl 10:30

kr 225

Fanitullen er nok den mest kjende slåtten me har i norsk folkemusikk. Om ein spelar hardingfele, er gjerne dette den mest populære «ynskjeslåtten». Namnet tyder eigentleg «fandens trall», og segna fortel at Fanden sjølv spelte slåtten i eit bryllaup med påfølgjande basketak og dødeleg utgang. Dette er skildra svært levande i Jørgen Moe sitt dikt Fanitullen, som han skreiv i 1840-åra med handlinga lagt til Hemsedal.

Slåtten er for mange knytt til Øystein Sunde og Christiania Fusel & Blaagress sin versjon som i ei årrekkje var vignetten til radioprogrammet «På norsktoppen». John Ole Morken laga i 2020 eit program for Folkemusikktimen på NRK P2 der nettopp Fanitullen, slåtten og soga var tema, med Arne Anderdal som gjest. No gler me oss til å grave endå djupare i historia og myten om Fanitullen med desse kunnskapsrike karane.

Billetten inkluderer lett frukost & konsert
Frukost serverast frå kl 10.00
Dei som har festivalpass/dagspass kan kjøpe frukost på Tre Brør.

Med:
Arne Anderdal
John Ole Morken

 

Detaljar:

Dato
31. oktober
Tid:
10:30
Billettpris:
kr 225

Lokale

Tre Brør Bar
Vangsgata 28
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart