Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Meistertimen med Vegar Vårdal

30. oktober 2021 kl 12:30

kr 225

Kva betyr det eigentleg «å gå i lære» hjå nokon? Korleis foregår overlevering av tradisjonar, kunnskap og speleteknikk i praksis? Osafestivalen inviterer til programposten «Meistertimen» med Vegar Vårdal og studentar. Her tek me overleveringstradisjonen til scena.

Vårdal, som vart kåra til Årets folkemusikar 2020, er ein framifrå representant for den yngre generasjonen i norsk folkemusikk. Han er ein drivande god fele- og hardingfelespelar, kjend for sin energi og sitt hemningslause spel. I tillegg er han folkedansar, pedagog og formidlar med inngåande kjennskap til fleire sider ved norsk tradisjonskultur. Han held føredrag og er timelærar på mange av landets folkemusikkutdanningar. Han er folkemusikklærar på Vinstra vidaregåande skule, som har eiga landsline i folkemusikk.

Under Meistertimen får publikum sjå og høyre overleveringstradisjonen, som står så sterkt i folkemusikken, i praksis. Korleis vidarefører Vårdal lærdomen, teknikken og slåttane han har opparbeida seg gjennom karriera si? Og korleis balanserer ein respekt for tradisjonar med nyskaping og kreativitet i forholdet mellom student og læremeister?

Med:
Vegar Vårdal
Johanne Løkensgard Mjøs (masterstudent OBA, fele)
Henrik Nordtun Gjertsen (bachelorstudent NMH, hardingfele)
Carmen Bóveda Hermosilla (distriktsmusikar og kulturskulelærar på Voss, cello)

Få også med deg praten med Vegar Vårdal i «Pils med Nils» i Gamlekinoen fredagen frå kl 16.00

Foto: Ingvil Skeie Ljones

 

Detaljar:

Dato
30. oktober 2021
Tid:
12:30
Billettpris:
kr 225

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway