Torgeir Waldemar med Abildsø Spelemannslag | pass
Country-, americana- og folkrockaren Torgeir Waldemar tok det norske folk og ei samla musikkpresse med storm med den sjølvtitulerte debutplata si i 2014, ein debut som hausta heile to nominasjonar til Spellemannprisen! Plata var prega av eit akustisk og lågmælt uttrykk, som etterkvart fekk selskap av meir elektriske og vrengte tonar på oppfylgjaren No Offending Borders. I turbulente tider kjennest det fint at hovudbodskapet og tittelen på Torgeirs Waldemar sitt nyaste album er LOVE. Waldemar og produsent Anders Møller kom fram til at det eineste me alle saman har er kvarandre – og kjærleiken. Og kjærleiken har ikkje blitt mindre viktig, for å seie det varsamt. «Denne er det ikke mange som vil matche i år», skreiv Øyvind Rønning i Dagbladet, og trilla terningkast seks!
Til Osafestivalen tek Torgeir med seg Abildsø Spelemannslag. Bak dette namnet gøymer det seg ein gjeng særs røynde musikarar som skal tilføre musikken til Torgeir eit nytt uttrykk. Abildsø Spelemannslag er nok mest kjent som backingbandet til Aasmund Nordstoga og Trond Granlund, men kvar for seg har dei respektive musikarane enorme mengder band og prosjekt bak seg, både innan folkemusikk og i andre sjangrar. Samarbeidet mellom Waldemar og Abildsø starta på Riksscenen i 2018.
Billett
Festivalpass eller dagpass laurdag kveld i idrettshallen. Det vert ikkje sal av enkeltbillettar til denne konserten.
Med:
Torgeir Waldemar – gitar, vokal
Jørund Fluge Samuelsen – munnspel
John Vinge – tangenter
Åsmund Reistad – mandola og bass
Tuva Syvertsen – feler
Kåre Opheim – trommer
Foto: Julia Marie Naglestad