Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Kim Rysstad trio

31. oktober 2021 kl 18:00

Med ei vakker og særmerkt røyst og solid utdanning både innan klassisk song og folkemusikk har Kim Rysstad funne sitt eige uttrykk i skjeringspunktet mellom folkemusikk, pop, country og bluegrass. Den prisvinnande vokalisten frå Valle i Setesdal har nådd ut til eit stort publikum som artist, mellom anna gjennom deltaking på Stjernekamp og Melodi Grand Prix og med mange fine samarbeid og duettar med artistar som Anne Grete Preus, Silje Nergaard, Aasmund Nordstoga og Ingebjørg Bratland. Som trio henter Kim Rysstad og musikarane inspirasjon frå alle moglege sjangrar, men folkemusikken ligg alltid i botn. Alt frå mellomlalderballadar, nystev og salmar til MGP får sin plass i repertoaret til trioen!

Med:
Kim Rysstad – vokal
Birger Mistereggen – perk
Trym Bjønnes – gitar

Billettar
Festivalpass / dagspass
Dobbel Voss idrettshall-billett: Mari Boine i samtale med Benedicte Maurseth + Kim Rysstad trio kr. 500,-
Det vert ikkje sal av enkeltbillettar til Kim Rysstad

 

Detaljar:

Dato
31. oktober 2021
Tid:
18:00

Lokale

Voss idrettshall