Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Steinar Ofsdal: Frå seljefløyte til bansuri – 50 år med fløytekunst

25. oktober 2020 kl 17:30

Steinar Ofsdal har gjort ein formidabel jobb som kunstnarisk leiar for Osafestivalen sidan 2004, og i år vert det siste året hans i denne stillinga. Den entusiastiske folkemusikkprofessoren og fløytemeisteren tek med seg eit knippe fløyter frå den rikhaldige samlinga si (som visstnok tel rundt 350 instrument!). Med seg på scena har han Espen Wensaas (gitar, cittern, mandolin).

Mange kjenner Ofsdal som kunnskapsrik og levande folkemusikkprofessor, men det er hovudsakleg som musikar og komponist han har livnært seg sidan 70-talet. Ikkje minst har han vore viktig innanfor norsk visekunst, gjennom tett samarbeid med Lillebjørn Nilsen (frå seint 60-tal og gjennom 70-talet) og Lars Klevestrand, som han framleis speler saman med i supergruppa På Stengrunn. Lista over artistar han har spelt med er lang som eit uvêr, og inneheld namn som Finn Kalvik, Cornelis Vreeswijk, Alf Cranner, Jan Eggum, Anita Skorgan og Odd Nordstoga.

Norsk folkemusikk var heile tida eit lidenskapeleg sidespor, og han byrja å utforske instrument som tussefløyte, seljefløyte, munnharpe og hardingfele allereie i 1968. Men det var fyrst då han danna Bukkene Bruse saman med Annbjørg Lien og Arve Moen Bergset i 1989 at folkemusikken vart ein fulltidsjobb, og ikkje berre lidenskap.

Med:
Steinar Ofsdal (div. fløyter)
Espen Wensaas (gitar, cittern, mandolin)

Foto: Knut Utler

Detaljar:

Dato
25. oktober 2020
Tid:
17:30
Nettstad:
https://osafestivalen.ticketco.events/no/nb/e/osafestivalen_2020

Lokale

Voss idrettshall