Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Folkesnurr Spelemannslag – DJ, perkusjon og videokunst + HipHop/Break møter hallingdans| pass el. enkeltbillett

29. oktober 2021 kl 0:30

Forsvinn magien i folkemusikken om ein legg musikken inn på ein minnepinne, miksar og triksar litt, og sender den ut att frå DJ-pulten? Litt annleis vert det jo, men magi likefullt! DJ Lars Finborud har gravd djupt i platesamlinga og har funne fram til kulokk, stev, og munnharpeslåttar, jigs og reels frå Irland, afrikansk perkusjonsmusikk, indiske tablarytmer, 70-tals progfolk, norsk samtidsfolk, Mari Boine-remiksar og mykje anna rart som han trur å kunne blanda saman til noko dansbart, spanande og snurrig for Osapublikummet.

Det kan vera einsamt å vera platesnurrar – difor har han raska saman eit tremanns spelemannslag: Anders Fretheim krydrer musikken med mangslungen perkusjon og sørger for eit ekstra groovy uttrykk og festivalkunstnar Bendik Finborud bidreg med live videomiksing av eigne animasjonsfilmar og ulike arkivopptak.

Som om ikkje det var nok hiv to av landets aller beste dansarar innanfor sine sjangre seg med på moroa – break-dansaren Navid Rezvani og folkedansaren Torkjell Lunde Børsheim! Fyrstnemde er tidlegare Norgesmeister i break-dans, OL- og Norske talenter-deltakar, vinnar av Persia´s Got Talent i år og Børsheim vann landskappleiken i halling i 2019, er gjengangar på pallen i pardans og medlem i dansekompaniet Frikar.

Billett
Festivalpass eller dagpass gir inngang til fredag kveld i idrettshallen.  Etter opphevinga av smittevernsrestriksjonane er det no høve til å kjøpe enkeltbillettar til denne konserten.

Med:
Lars Finborud – dj
Anders Fretheim – perkusjon
Bendik Finborud – visuals
Navid Spagetti Rezvani – HipHop/Break
Torkjell Lunde Børsheim – hallingdans
Ådne Kolbjørnshus – hallingdans

Detaljar:

Dato
29. oktober 2021
Tid:
0:30

Lokale

Voss idrettshall