Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Aofaott | Pass

29. oktober 2021 kl 20:00

Trad. i redesign! Med bakgrunn i sjangrar som folkemusikk, country og americana, blues og boogie, jazz og populærmusikk tek Aofoatt tak i den lokale folkemusikken og gjer han til sin eigen. Dei har alle vossablod i årane, og ser fram til sin debutkonsert under sjølvaste Osafestivalen! Guro Kvifte Nesheim har dei siste åra turnert med svensk/norske GKN5, og Nesheim/Edén og sleppte nyleg album med  folkrockbandet Skrekk og Guro. Initiativtakar Irene Tillung er elles aktuell med Ti på Taket, Tindra, Tore Brunborg og danseforestillinga Reglebein – fjorårets tingingsverk til Osafestivalen. Bjørnar Ekse Brandseth er kjend frå mellom anna Northern Belle, Silver Lining og Yngve & his Boogie Legs. Bassist Arne Toivo Fjose er aktiv med prosjekta Havene, Evigheten, Toivo Quintet og Fred Paa Jord, og er ellers ein ettertrakta teatermusikar landet rundt. Kåre Opheim har vore på farten med Real Ones i over 20 år og turnerer mellom anna med Hildo, Karl Seglem, Sigrid Moldestad, Frode Grytten Beat Band og Signe Førre kvartett.

Billett
Festivalpass eller dagpass gir inngang til fredag kveld i idrettshallen.. Det vert ikkje sal av enkeltbillettar til denne konserten.

Med:
Guro Kvifte Nesheim – hardingfele, hardanger d’amore
Irene Tillung –trekkspel, melodika
Bjørnar Ekse Brandseth -–gitarar, pedal steel
Arne Toivo Fjose – kontrabass, elbass og synthbass
Kåre Opheim – trommer, perkusjon

Detaljar:

Dato
29. oktober 2021
Tid:
20:00

Lokale

Voss idrettshall