Lastar Hendingar

Gåte Akustisk med Knut Buen | Voss idrettshall | pass el. enkeltbillett

Gåte
fre 29. okt 2021
21:30

Voss idrettshall

Gåte har spelt nesten eit halvt tusen konsertar der dei har gjort alt så stort, kraftig og eksplosivt som mogleg. No tek dei ei heilomvending, og presenterer ny og gamal musikk i ei mykje meir varsam, mystisk og lyrisk drakt. Norsk folkemusikk har alltid vore fundamentet i bandet Gåte. Syskena Gunnhild og Sveinung Sundli vaks opp med eit folkemusikkmiljø som la vekt på å fremje eit autentisk og tradisjonsbunde uttrykk. Det særeigne preget i Gåte sine arrangementer blir no presentert i eit heilt nytt lydbilete, som meir enn nokon gong dyrkar folkemusikken. Gunnhild si vakre røyst står sterkt som berande element, og Magnus og Sveinung vidarefører Gåte-uttrykket med tramporgel, gitarar og fele. Jon Even Schärer på trommer tilfører det nære lydbiletet ei ekstra djupn og atmosfære. Som om ikkje det var nok har dei altså toppa laget med Knut Buen, som gjev musikken endå meir folkemusikalsk tyngd og knyter bandet tettare til dei djupe røtene i tradisjonsmusikken. Opplev Gåte – ekstra magisk og ekstra nært!

Billett
Festivalpass eller dagpass gir inngang til heile fredag kveld i idrettshallen. Etter opphevinga av smittevernsrestriksjonane er det no høve til å kjøpe enkeltbillettar til denne konserten.

Få med deg praten med GÅTE i «Pils med Nils» fredag 16.00 i Foajéen i Gamlekinoen. Kom tidleg for å sikre deg plass!

Med
Gunnhild Sundli – vokal
Sveinung Sundli – tangentar, fiolin og vokal
Magnus Børmark – gitar
Jon Even Schärer – perkusjon
Gjesteartist: Knut Buen – hardingfele