Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Opningskonsert: Bjørn Kåre Odde «Folk Chamber» | Pass

29. oktober 2021 kl 18:30

kr 750

Bjørn Kåre Odde har i snart eit tiår vore ein av dei mest attraktive felespelarane i landet – som konsertmusikar så vel som dansespelemann. Det er tradisjonsmusikken frå Gudbrandsdalen som ligg i botn, og med erfaring som komponist og arrangør har han også fått merksemd langt utover folkemusikken i både inn- og utland.

Sjølv om Odde har bidrege på nærare 20 plateprosjekt til no i karriera, reknar han sjølv Folk Chamber – som vert sleppt på Osafestivalen – som debutalbumet sitt. Dette er, som tittelen tilseier, kammermusikk, og repertoaret består av hans vakre, enkle og underfundige melodiar ikledd varm stryk, framført av eit knippe av dei aller flottaste strengemeistrane i landet!

Bjørn Kåre Odde kjem attende til Osafestivalen tre år etter at han hadde tingingsverket «Leik» her i samarbeid med Vegar Vårdal. Sistnemnde er også med på «Folk Chamber», både som produsent og musikar. Begge to har kvar for seg blitt kåra til «årets folkemusikar» under Folkelarm: Odde i 2019 og Vårdal i 2020!

Billett
Festivalpass eller dagpass gir inngang til fredag kveld i idrettshallen. Det vert ikkje sal av enkeltbillettar til denne konserten.

Start kvelden tidleg
og få med deg praten med Bjørn Kåre Odde, Jorun Marie Kvernberg og Vegar Vårdal i «Pils med Nils» fredag 16.00 i Foajéen i Gamlekinoen. Kom tidleg for å sikre deg plass!

Medverkande:
Bjørn Kåre Odde – fele
Vegar Vårdal – fele og bratsj
Jorun Marie Kvernberg – fele
Elin Marie Christensen – bratsj
Ida Malene Christensen – cello
Jo Fougner Skaansar – kontrabass

Detaljar:

Dato
29. oktober 2021
Tid:
18:30
Billettpris:
kr 750

Lokale

Voss idrettshall