Lastar Hendingar

Marit Karlberg solo

Marit Karlberg
sun 31. okt 2021
15:30

Marit Karlberg har ei av dei mest særeigne kvedarstemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ og nyskapande. På repertoaret har ho alle slags viser, og ho har bruka mykje tid på å leite i gamle songbøker og arkiv etter gamalt tonemateriale.

Ho har utvikla sin eigen speleteknikk på langeleiken som ho brukar til å akkompagnere seg sjølv med. Karlberg var med i vokalgruppa Dvergmål (1995-2005) og er aktiv med duoen Sudan Dudan i lag med Anders Erik Røine. Hausten 2005 hadde Tryllefløyta – ein folkeopera (regi Leif Stinnerbom) premiere på den norske Opera. Karlberg spela ei av ternene i stykket, som blei sett opp på rundt førti scener i Noreg og Sverige, og er Rikskonsertane sin største satsing nokon sinne. Ho har komponert musikken til friluftsspelet Sol av Isfolket, og medverka i fleire andre samarbeidsprosjekt, blant anna den spellemannvinnande musikken til stumfilmen Kristine Valdresdatter. Karlberg har arbeidd som distriktsmusikar i Valdres, og er utdanna bibliotekar.

Konserten varer i 40 min.

Foto: Cathrine Dokken

Konserten skjer i samarbeid med Sævelid AS